fredag 10. juli 2015

9/7 BESSEGGEN

Torsdag
Fint vær var det i dag, så me var klar for ein lang dag. Men det var eit problem, det var at far ville gå nede langs kjedelige  gjendevannet og eg ville gå oppe på dei nydelige toppene som foreksempel Besseggen. Å kem tror du får viljen sin, eg selvfølgelig.😃 Så vi gjekk oppe på toppene og det var heilt fantastisk, det var nydelig å gå på Besseggen I dette været. Hele dagen var nydelig. Å da vi gjekk der så såg me ein hauk på nærthold som hadde tatt ein ørret, det var ein kul opplevelse!☺ I slutten av dagen gjekk stien stupbratt ned ei fjellside, og der skulle viss vi gå ned😅. Men me kom oss like heile ned, eller nesten det ble nokon fall. Etter nedstigningen kom vi til Gjendebu. Å då var ein nydelig dag over å vi var klar for natta.

1 kommentar:

  1. Flott oppslag i Oppland Arbeiderblad. - Det går fort unna nå synes eg. Tenk heilt til Besseggen! Dokker e gode!

    SvarSlett